To store talent klare for Bjørnar
Organisasjonsbygging
I samband med herrelaget sitt opprykk til 1.divisjon er det naudsynt å utvide støtteapparatet på herresida. Derfor har vi utvida herregruppa med to nye medlemmer. Øivind Sivertsen, som tidlgare har spelt på herrelaget og til dagleg er student ved NHH, går inn i gruppa med ansvar for marknadsarbeidet. For å styrke fokus på økonomistyringa har gruppa fått inn Martin Johnsen. Johnsen har brei erfaring med økonomistyring i både den private og frivillige sektoren. Til dagleg tar han høgare revisorstudium ved NHH. Utover utvidinga av sjølve herregruppa har laget også fått ein ny oppmann. Knut Storegjerde, som er far til spelarane Markus og Erlend R Storegjerde, vil gå inn i denne rolla. Vi ynskjer alle tre velkommen i støtteapparatet, samstundes som vi er audmjuke for all den dugnadsånda som vi opplever i Arna.
Møter Stord i 2.runde
Pål Anders Bakke og dei andre herrespelarane får tøff motstand i 2.runde av cupen når dei skal møte Stord i Bjørnarhallen. Stord rykka ned frå eliteserien førre sesong, men har store ambisjonar om å rykke rett opp igjen. Laget har sine fremste profilar i dei to bakspelarane Ingemar Olsson og Øyvind Nyhammar, samt ein svært solid målvaktsduo i Tor Sæbø og Michael Sørgård. Men foran ein fullsatt Bjørnarhall er ingenting umogleg, førre år spelte Bjørnar jamt med eliteserielaget Fyllingen når dei møtte kvarandre til duell i 2.runde. Kampen går sundag 28.august kl 1800, så det er berre for alle supportarar å sette av datoen allereie no. Vinn Bjørnar kampen mot Stord vil dei møte Viking, som mellom anna stiller med Kjetil Strand og Vegard Samdahl, i 3.runde.
Bjørnar årets arrangør
For andre år på rad er Bjørnar stemt fram som årets arrangør i menn 2.divisjon. Momenta som dei andre klubbane trakk fram for å gje prisen til Bjørnar var mellom anna god ramme frå erfarne med arrangørar med kontroll, god mottaking av dommarar, god speaker, innløping med presentasjon og kåring av beste spelar på kvart lag. Vi takkar dei andre klubbane i divisjonen for prisen, og innrømmer samstundes at vi er stolt over dugnadsmiljøet i klubben som gjer det mogleg å gjennomføre gode arrangement. Dette er ein stor klapp på skuldra til alle dei frivillige i Bjørnar, denne prisen er til dykk! Sjå her kva Region Vest skriv om arrangementa i Bjørnarhallen.
Oddmund Berg klar for Bjørnar
Med sin erfaring frå eliteserien vil Oddmund Berg vere ein solid forsterkning for herrelaget. Berg kjem frå Fyllingen der han har spelt to sesongar, men opphavleg kjem han frå Elverum der han også fekk med seg to sesongar i eliteserien. Som spelar er han ein utprega playmaker som vi trur kan sette fart på spelet, lage mål på gjennombrot og gjere dei andre på laget god. Utover å spele på herrelaget skal Berg også trene G.16, slik at vi får nytta hans kompetanse nedover i klubben. Bakgrunnen for at Berg skal spele for Bjørnar er at han til dagleg er student ved NHH, der han til hausten skal starte på det tredje året.
Bjørnar-spelarar på talentsamling
Tre Bjørnar-gutar var sist helg på regional talentsamling i Haukelandshallen, og det er no klart at minst ein av desse etter strålande innsats får vere med på sentral talentsamling for 96-spelarar i Skien i august. Simen Davidsen Raa er ein av sju spelarar frå Vest som får delta på denne samlinga, og målvakt Tord Borge Lund er reserve for å delta på samme samling. Sander Davidsen Raa, som også deltok i Haukelandshallen, er fødd i -97 og er dermed ikkje aktuell for å delta i Skien. Vi gratulerer Simen så mykje og ønskjer lykke til i Skien 8.-11.august! Les meir på denne sida.
Borge blant framtidas toppdommarar
Andreas Daviknes Borge har over dei siste fire åra gjort kometkarriere som dommar, og er no tatt ut til NHFs traineegruppe, og er dermed blant dei forbundet satsar på som kommande elitedommarar. Saman med makker Charles Whiteley skal dei delta i ei nasjonal utviklingsgruppe, mellom anna etter å ha dømt Bylagsfinalen for gutar tidlegare i vår, og å ha debutert i 2.divisjon i ein alder av berre 19 år. Vi gratulerer Andreas så mykje, og ønskjer lykke til! Les meir i Bygdanytt.

