Julehandlehelg på G-Sport
Ta med Bjørnar-medlemskortet
og legg julehandelen i helgen til G-Sport Øyrane, hvor det både lørdag og søndag blant annet er 25% rabatt på alle ordinære varer, 30% på klubbkolleksjon, 15% på skipakker, samt svært billige håndballer. Se plakaten ved å trykke på denne lenken, og ta turen på G-Sport i helgen.
To poeng til Bjørnar
Vålerengen- Bjørnar 32-29 / Fjellhammer- Bjørnar 28-29: Herrelaget har denne helga vore over fjellet for å spele to nye kampar i 1.divisjon. Laurdagen møtte dei VIF, som diverre vart for sterke for det unge Bjørnar-laget. I 1.omgang viste laget mykje god handball, og låg foran med to mål til pause. Men utover i 2.omgang tok VIF over kampen, og van til slutt 32-29. Mot Fjellhammer var det eit anna kampbilete. Til pause var Fjellhammer foran med seks mål, men anført Eirik Engelsen som laga heile ni mål, kom Bjørnar knallsterkt tilbake, og vann 29-28 over storfavorittane frå Fjellhamer. Etter kampen var det ellevill jubel i Bjørnarleiren, som denne helga verkeleg viste at dei fortjener plassen i 1.divisjon. På onsdag er det klart for ny kamp, når Bjørnar møter Haugaland i Bjørnarhallen kl 1900. Ta turen ut i hallen, for å sjå om det unge laget kan hamle opp med langt meir meritterte spelarar frå HHK.
Debuterte i 1.divisjon
Bjørnar-dommar Andreas Daviknes Borge (t.h.) debuterte søndag på toppnivå med kampen Viking-Oppsal saman med makker Charles Whiteley. - Ei stor oppleving for oss, seier klubbens nye toppdommar.
Sparserie i Bjørnarhallen
Markus Rødland Storegjerde og resten av Bjørnar G.18 fekk ein flott start på Sparserien, med fire poeng i den første runda. No skal laget følgje opp dette i 2.runde, som går helga 10-11.desember. I denne runden vil Bjørnar møte tøff motstand frå Haslum HK, Haslum IL og Kristiandsand, men Bjørnar har fordel av heimebane, så vi satsar på at laget held fram poengfangsten. Kom ut i Bjørnarhallen for å sjå aldersbestemt handball på høgt nasjonalt nivå.10.des kl 1200 Bjørnar -Haslum HK (eliteklubben)
10.des kl 1800 Bjørnar - Haslum IL (breiddeklubben)
11.des kl 1130 Bjørnar- Kristiandsand
Nytt vestlandsderby på onsdag
Onsdag 7.desember kl 1900 i Bjørnarhallen tar herrelaget i mot Haugaland HK til ein ny spennande kamp i 1.divisjon. Haugaland HK, som har Mika Nurmi på benken, har fått ein bra start på sesongen og er plassert på øver halvdel av tabellen. Likevel er det ikkje ei umogleg oppgåve for eit ungt Bjørnarlag i stadig utvikling, som er sulten på gjenta suksessen frå førre heimekamp mot Nærbø.
Bjørnar 2 fossar fram i 3.divisjon
Gneist- Bjørnar 2 24-45: Med Markus Storegjerde i spissen imponerar Bjørnar 2 i 3.divisjon. I dag tok laget ein ny siger borte mot Gneist, der ein kjørte over heimelaget og vann heile 45-24. Med tempo og ungdommeleg entusiasme har det unge laget gjort det svært bra i 3.divisjon, der fleire spelarar viser positiv utvikling. Målvakt Andreas Borge har tatt mange skritt denne sesongen med stødig og trygt målvaktspell. Duoen i linjeposisjon, Sindre Mjeldstad og Jørgen Solbakken, har også hatt god utvikling. Mjeldstad fekk mellom anna sin debut i 1.divisjon heime mot Nærbø, og Solbakken har etterkvart utvikle eit stort register i sine avslutningar frå linja. Gode avslutningar har også den hardtskytande bakspelaren Ole Martin Bruvik vist fram. Oppsummert har Bjørnar mange spennande spelarar i troppen, noko som lovar godt for herrehandballen i klubben dei neste sesongane. Sjå tabellen for 3.divisjon her
Høstturneringen straks i gang


