|
|
|
|
Tap for Fyllingen 2 men ny sjanse mot NHHI |
|
|
|
|
Torsdag vart Fyllingen 2 for sterke for herrelaget og vann 32-29. Bjørnar starta friskt og leia 5-0 etter eit par minuttar men utover kampen tok dei gule frå Dalen meir og meir over kampen. Bjørnar sleit med for stora avstander i forsvar, noko som førte til for store rom for Fyllingen. Framover var det tidvis mykje gode einskildprestasjoner, der Kim Haga fekk vist fram deler av sitt handballregister. Allereie på sundag får herrelaget ein ny sjanse til å ta årets første siger når dei skal møte NHHI kl 1600 i Bjørnarhallen. NHHI ligg for tida på plassen over Bjørnar på tabellen, så mykje tyder på at det vert ein ny spennande batalje i handballbygda Bjørnar.
|
I.L. Bjørnar, I.L. Bjørnar Håndball og Bjørnarhallen: INNKALLING TIL FELLES ÅRSMØTER 2009 TIRSDAG 17. MARS 2009 KL. 19.00 I BJØRNARHALLEN ORDINÆRE ÅRSMØTESAKER. FORSLAG SOM SKAL BEHANDLES PÅ ÅRSMØTE MÅ VÆRE SENDT TIL STYRET SENEST 23. FEBRUAR 2009. FULLSTENDIG SAKLISTE VIL VÆRE TILGJENGELIG 25. FEBRUAR 2009
|
|
|
Bjørnar til topps i Julecupen |
|
|
|
|
Med seier 6-4 i finalen mot Årstad tok Bjørnars Jenter 12 gull i Bergen HKs Julecup tirsdag. Jentene gjorde en strålende avslutningskamp i en svært god turnering for laget og kunne til slutt trekke på seg Julecupens vinnertrøyer. I tillegg tok både Gutter 15 og 16 seg til finale og sørget for en stor Bjørnar-dag i Haukelandshallen. Se bilder av finalelagene under.
|
|
Les mer …
|
|
Herrelaget hadde føringa i store deler av kampen mot Åsane men tapte diverre til slutt 30-28. Til pause var stillinga 14-12 i favør Bjørnar, og optimismen auka utover i 2.omgang då det såg ut som om laget fekk festa grepet på kampen. Men på slutten rakna det, og Åsane med Andreas Rasmussen i spissen viste kva rutine betyr når kampar skal avgjerast. Men kampen viste at Bjørnar har hatt ein framgang i løpet av sesongen, før jol tapte laget heile 30-21 for Åsane.
|
|
|
Stord 2 nokre nummer for store |
|
|
|
|
Etter to sigre på rad var Bjørnar-herrane optimistiske før dei skulle møte Stord 2. Men det viste seg raskt at Stord mønstra eit godt lag med mykje erfaring frå eliteserien og dermed vart det aldri spennande. Stord gjekk raskt opp til 7-1-leiing, og kontrollerte resten av kampen. Resultatet vart til slutt 34-19, der den største forskjellen på laga var det fysiske, ikkje minst var det tydeleg at Bjørnargutane vart litt for svak i dei fleste duellane. Men det kjem fleire kampar framover som det er større høve for herrelaget å ta poeng. Søndag 11.januar er det igjen duka for handballfest i Bjørnarhallen, kl 1800 skal damelaget spele mot Rælingen medan herrelaget tar imot Åsane kl 2000. Vi oppmodar alle Bjørnar-vener til å ta turen opp i hallen på søndag!
|
|
|
Aarseth og Sivertsen ferdige med militærtenesta |
|
|
|
|
Både Andreas Aarseth og Øyvind Sivertsen vart ferdig med militærtenesta (illustrasjonsfoto) si i desember og er dermed med for fullt på herrelaget i andre halvdel av sesongen. Med desse to tilbake vert det stadig tøffare konkurranse om plassane på laget noko som vil vere med på å løfte kvaliteten på treningane Linjespelar Aarseth, med erfaring frå spel i 1.divisjon og frå aldersbestemte landslag, ser positivt på framtida. - Eg trur vi kan ha noko spennande på gang i Bjørnar. Mads Bendiksen er ein svært dyktig trenar og vi har mange talenter i klubben på veg opp.
|
|
|
|
|
Side 23 av 25 |