Turneringsleiar Svein Arne Myklebust har berre godord om foreldra som stilte opp på dugnad då 300 barn i alderen 6-9 år var i aksjon på årets Haustturnering søndag 28.november. - Det er utruleg imponerande med alle foreldra som stiller opp og tar utfordringane på strak arm - Turneringa gjekk på skinner heile dagen, ikkje minst på grunn av alle dei frivillige, seier den erfarne leiaren.
I Haustturneringa spelar barna ein omgang handball og ein omgang fotball, og også i år vart dette ein suksess, med glade spelarar, leiarar og foreldre som resultat. På grunn av enkelte kommunikasjonsutfordringar hadde foreldra som skulle stille på dugnad fått noko seine meldingar, men alle stilte opp og gjorde ein strålande jobb, ifølgje turneringsleiinga.
- Vi opplevde også for første gong å ha ein dommar for mykje til gjennomføringa av arrangementet, så vi måtte faktisk sende ein heim, ler ein nøgd Myklebust.
Under Haustturneringa er det også mange yngre spelarar som stiller opp som sekretærar og premieutdelarar, og alle gjorde ein kjempegod jobb. Laga som var i aksjon var tydeleg stolte og nøgde då "Vi e konga" runga utover høgtalaranlegget medan speaker takka for innsatsen til spelarane som på samme tid fekk sine velfortende medaljer etter kampane i Bjørnarhallen. Alt dette med fleire hundre foreldre og besteforeldre på tribuna til einkvar tid.
Vi ønskjer å takke alle som stilte opp og gjorde Haustturneringa til ein stor, Ballsidig idrettsfest!
|