Hovedside | Kvinner | Rekrutt | Strålande Bring-laurdag
05.
des
2009
Strålande Bring-laurdag PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarFana vart som forventa eit hakk for sterke for Bjørnar/Os Jenter 16, men dei blå tok med seg to nye poeng etter siger mot Konnerud. På gutesida vann Bjørnar mot både Stavanger og Bækkelaget, som før denne runda ikkje hadde tapt ein kamp. På søndag vart det imidlertid tap mot Fjellhammer.

 

Foreldregruppa rundt Jenter 16 hadde laga eit flott arrangement i Bjørnarhallen då Fana og Konnerud kom på besøk, og som spådd på førehand vart Fana det sterkaste av dei tre laga. Bjørnar/Os tapte først mot laget frå sørsida med sifra 18-28, men kom sterkt tilbake i rundas siste kamp, spelte godt og vann til slutt 28-20 etter å ha hatt full kontroll i det meste av kampen. I mellomtida slo Fana Konnerud 42-22. Det var ein flott dag i Bjørnarhallen!

 

Du kan lese meir om Bring-runda på Os sine heimesider.

 

Meir overraskande var det at Bjørnar Gutar 16 vann sine to første kampar mot Stavanger og Bækkelaget. Førstnemnte er rekna som landets beste lag i si klasse, hadde vunne alle sine kampar så langt i Bring-serien med kalassifre, men måtte gje tapt 24-29 mot eit svært opplagt Bjørnar-lag.

- Det var ein kamp eg kunne ha skrive ein heil bok om. Stavanger gjekk fort opp i leiinga og førte med fire mål, men gutane gjer ein enorm innsats, er tolmodige og viser speleglede og glød, spesielt i forsvar. I tillegg står Daniel Vatle Osberg ein veldig god kamp i mål, kommenterer Arild Eliassen frå Fjellhammer. Han er lagleiar saman med Andreas Aarseth denne helga etter at trenar Lars Johansen måtte melde forfall etter å ha fått skulderen ut av ledd på trening med Bjørnar-damene(!)

 

I neste kamp møtte Bjørnar eit anna lag som enno ikkje har tapt, nemleg Bækkelaget. Her var det ifølgje rapportane Bjørnar som opna best, men vart heile kampen gjennom følgt tett av sine motstandarar. Til slutt vart det 25-23-siger, to nye poeng, og med eitt plassering i toppsjiktet på tabellen. Bakspelar Lars Erik Andersson og målvakt Daniel Vatle Osberg vert trekt fram som dei mest sentrale spelarane på Bjørnar.

 

Søndag vart det eit overraskande tap mot Fjellhammer, med sifra 23-24. Bjørnar ligg etter helgas runde i G16 på tredjeplass i si pulje med fleire kampar spelt enn laga rundt.

Sist oppdatert søndag 06. desember 2009 12:43
 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?