Hovedside | Info fra Bjørnar | Debuterte i 1.divisjon
04.
des
2011
Debuterte i 1.divisjon PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

Dommer håndballBjørnar-dommar Andreas Daviknes Borge (t.h.) debuterte søndag på toppnivå med kampen Viking-Oppsal saman med makker Charles Whiteley. - Ei stor oppleving for oss, seier klubbens nye toppdommar.

 

Dei to unge dommarane debuterte i barnehandballen for berre fire år sidan, og har sidan gjort kometkarriere som kampleiarar. Denne sesongen har dei vore med i NHFs Traineegruppe, og dermed rekna blant framtidas toppdommarar. Søndag fekk dei sin debut i kvinner 1.divisjon med Viking-Oppsal i Haukelandshallen, ein kamp som endte 24-35. Bak denne prestasjonen har det lagt veldig mykje arbeid.

 

- Vi har dømt veldig mykje dei siste åra, sett så mykje handball som mogleg, samt at vi har blitt tett fulgt opp og fått tilbakemeldingar på kva som er bra og kva vi kan bli betre på. Så har vi halde fokus på dei arbeidsoppgåvene vi har fått og heile tida blitt betre dommarar, seier Borge til bjornar.no etter debutkampen.

 

Denne sesongen har dei fått dømme fleire toppkampar i 2.divisjon, i tillegg til at dei har deltatt på nasjonale samlingar og dømt Bring- og Spar-serie. Sjølv om dømming i 1.divisjon medfører ein del nye rutinar og nytt oppmøtetidspunkt, vektlegger han at dei har fokusert på å gjere det dei har lykkast med tidligare, og etter kampen er dei unge dommarane nøgde med eigen innsats.

 

 

- Vi gleda oss veldig, og syns det gjekk bra med dømminga i dag, sjølv om det alltid er ting å rette på. Også lagleiarane var nøgde etter kampen og sa vi gjorde ein god jobb, seier 19-åringen, som også er målvakt for Bjørnars 3.divisjonslag.

 

Andreas og makker Charles frå Os er også tildelt kampen Viking-Jotun 29.januar, men allereie til helga er det mogleg å sjå dei to talenta i aksjon i Spar-serierunde i Bjørnarhallen, kor dei skal dømme alle kampane utanom dei Bjørnar er involverte i. Målsetninga på kort sikt er å stabilisere seg på det nivået dei er no og deretter ta steget opp i Postenligaen dersom dei kjem så langt.

 

Klubben har etter kvart fått eit yrande dommarmiljø med unge spirer, og Borge har ei klar oppmoding til alle som vil bli betre dommarar.

 

- Det er viktig å sjå mykje handball, dømme så mange kampar som råd, gjerne spele sjølv og sjølvsagt arbeide med konkrete arbeidsoppgåver i kvar kamp, seier han.

 

Vi gratulerer Andreas med debuten på toppnivå, og ønskjer lykke til vidare med dommarkarriera! Dette er ein svært viktig milepæl for klubben og betyr at alle medlemmer også har ein dommar å vere verkelig stolt av.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?