Laurdag 28.august vert det stor opning av klubbavdelinga på G-Sport Øyrane kor den nye Bjørnar-kolleksjonen vert presentert for arnabuane. Opninga vil bli markert med aktivitetar for heile familien utanfor Øyrane Torg, rebusløp og konkurranse inne i butikken og svært gode tilbod på aktuelle varar.
I butikken vil det vere konkurranse med strålande premiar heile dagen (10-18), medan du utanfor senteret kan møte Bjørnar-spelarar mellom anna til "Shootout"-konkurranse (biletet) frå 1200 til 1700. På G-Sport Øyrane kan du denne dagen kjøpe klede frå den nye Bjørnar-kolleksjonen frå Select med 30% rabatt, og handballsko med 40% rabatt.
Bli med på opninga, ha det gøy og gjer eit godt kjøp på samme dag! Velkomen skal du vere!