Hovedside | Info fra Bjørnar | Kva skal gjerast?
06.
des
2009
Kva skal gjerast? PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarBjørnar Handball er ein av regionens aller største breiddeklubbar, og drifta er tufta på frivillig innsats i alle ledd. No finn de oppdatert info om diverse dugnadsarbeid på Bjørnarhallen sine sider, kor ein mellom anna finn instruks for bodvakter.

 

Med nær 500 medlemmer, godt over 100 tillitsvalte i tillegg til foreldre og føresette er det svært mykje informasjon som skal flyte i klubben. Ei målsetning er å samle det meste av den relevante informasjonen her på bjornar.bo, og heimesidene har den siste tida blitt oppdatert med både dugnadslister og arbeidsinstruksar for dei ulike rollene tilknytt klubbens arrangement. Utan foreldreengasjement stoppar aktiviteten for barn og unge i nærmiljøet, derfor er det viktig at alle veit kva oppgåver ein har, anten ein skal stå i kiosken, selge billettar eller nokre andre av dei grunnleggande aktivitetane i klubbens kvardag.

 

I tillegg til dei oppgåvene laga sjølve gjer for at spelarane framleis skal ha eit godt tilbod og oppleve trivsel, fellesskap og idrettsglede, er det ein rekke fellesoppgåver i klubben som vert løyst av frivillige i styret og utval. Heile organisasjonen kan du sjå oversikt over her.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?