Hovedside | Info fra Bjørnar | Bjørnar for endå fleire
10.
nov
2009
Bjørnar for endå fleire PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   
Håndball for utviklingshemmedeDenne hausten har brakt med seg ein ny milepæl i Bjørnars historie. Klubben har for første gong starta handballaktivitet for utviklingshemma og satsar no på å få eit heilt lag i tida som kjem. Initiativtakar Gerd Dyregrov har arbeidd med oppstart av laget, og brukt mykje av sitt handballengasjement for å få dette til. Dei hadde oppstartsmøte i forkant av ein av herrelaget sine kampar i Bjørnarhallen, og er no i full sving.

 

- Det var fleire årsaker til at eg ønskja å engasjere meg for å starte dette laget: Den eine er at eg i min arbeidskvardag treffer denne målgruppa og såg at det var lite tilbod på idrettsfronten i Arna. For det andre har Bjørnar ein visjon som seier at handball skal vere for alle – og då må alle få eit tilbod. For det tredje har eg vore engasjert i klubben som trenar, foreldrekonktakt og i styret. Det har vore kjekt, men etter eit par runder med meg sjølv fann eg ut at det var det å få etablert eit treningstilbod for utviklingshemma som toppa lista mi, forklarer Dyregrov.


Det har vore viktig at laget er godt inkludert i klubben på lik linje med andre, oppstart av laget har derfor vore oppe i styret, og dei var svært positive til prosjektet. No er tre trenarar – Elin V. Hammersland og Pål Vindheim, forutan Gerd Dyregrov sjølv – engasjerte rundt laget for å gje spelarane eit best mogleg tilbod. No håper dei å få med seg fleire på laget.

 

      - Til no er vi fem - seks spelarar som trener på Garnes Ungdomsskule onsdagar 18-19, men vi håper på å få samla eit heilt lag og vil då kontakte Sotra for å få til treningskamp før vi melder oss på i serien. Treningane er heilt supre med gjengen, og det store målet er å delta i Landsturneringa i Bergen til neste år, seier eldsjelen.

 

No kjem ein spelar tilreisande heilt frå Fyllingsdalen, og ein frå Åsane, noko som tyder på at lagsmiljøet er godt. No er det rekrutteringsarbeidet som står i første rekke, og laget søker spesielt fleire kvinner.

 

- Vi vil få etablert eit mix-lag som kan delta i serien og altså i Landsturneringa, men vi manglar kvinner som vil vere med. Når vi kjem godt i gang med eit heilt lag, satsar vi på å gje laget ein tettare tilknytning til hallen og klubbmiljøet, seier ho.

 

Klubben skal gje eit tilbod til alle, og har no verkeleg tatt eit langt steg framover på det punktet. Det er eit sterkt håp om at utviklingshemma skal få ha eit fast og stabilt treningstilbod og at laget kan vere aktivt også i resten av klubben. Så langt ser det veldig bra ut, ifølgje initiativtakaren.

 

- Vi trenarar trivst i alle fall veldig godt med denne gjengen, som er både treningsvillige og engasjerte. Viss den gode stemninga og gløden vil vedvare er det eit godt grunnlag for å skape eit godt lagmiljø.

 

Dersom nokon ønskjer å delta på treningane, er det altså berre å ta kontakt – Her er det verkeleg plass til alle!

NB! Biletet i saka er berre eit illustrasjonsfoto frå Landsturneringa og ikkje av Bjørnar-laget.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?