Andreas Daviknes Borge (i bakgrunnen) er ikkje berre aktiv som målvakt på herrelaget, han er også blant regionens mest aktive og lovande unge dommarar. No håper han fleire i klubben også tar steget ut i den spennande dommarrolla og lærer meir om handball og det å ta avgjersler.
Utan dommarar stansar handballen - kven andre sørgjer meir for at barn og unge får drive god og rettferdig aktivitet? Andreas, ein av klubbens dommarar, har det siste året brukt mykje tid i ulike hallar for å vere kampleiar med fløyte og svart drakt.
- Eg prøvde meg som dommar på Open Hall nokre gongar og syntes det gjekk bra. Så vart det arrangert klubbdommarkurs i Bjørnarhallen, og eg vart fortald at det var mogleg å tene pengar på dette, så då vart eg med, seier han til bjornar.no
For eit knapt år sidan tok han steget vidare på kursstigen og tok Dommar I-kurs på Brann Stadion. Gjennom dømminga har han lært mykje om handball og om dommaren si rolle på bana.
- Eg har lært at det lettare å dømme når ein er spelar enn når ein må dømme sjølv, så det å kjefte på dommaren har eg i alle fall slutta med. Som spelar er det ikkje så nøye om ein gjer ein feil, men som dommar må ein følgje nøye med. Når ein er veldig interessert i handball, lærer ein veldig mykje om spelet ved å følgje med på den måten, seier 17-åringen.
Saman med sin faste makker Charles Whiteley har han også fått opplevingar utanfor Bergen, og har det siste halvåret vore på tur til ulike turneringar på austlandet: Messe Cup, Sandefjord Open, og Nordstrand HummelCup. Sjølv om han framhevar dommarmiljøet i Bergen som godt, bemerker han at spesielt ein ting er betre på austlandet.
- Trenarar og foreldre på austlandet er mykje flinkare på å gje dommarane tilbakemeldingar etter kampane. Når vi stod i kioskkø mellom kampane kom fleire bort til oss og så at vi hadde dømt godt. Det er veldig oppmuntrande.
Bjørnar har sterkt behov for fleire dommarar, og Andreas - som også går på Handballgymnaset og står i mål for herrelaget - håper fleire tar fatt på ein dommarkarriere.
- For det første tener ein pengar på å dømme, og for det andre lærer ein veldig mykje om handball også som spelar. Ein ser ofte at nokon av dei ein dømmer gjer ein feil, og tenker at "den feilen der gjer eg og", avsluttar Andreas.
Ønskjer du å byrje å dømme? Ta kontakt på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
, så får du meir informasjon om korleis du kan utdanne deg og starte ei ny karriere.
|