Bjørnar sine heimesider har fått seg ei ansiktsløfting etter sommaren, og det er eit satsingsområde for klubben å bruke sida aktivt til å nå ut med viktig informasjon og å gjere sida levande med oppdateringar frå aktiviteten i klubben. No ønskjer vi fleire engasjerte i arbeidet med bjornar.no
Etter at bjornar.no vart lagt ut igjen med nytt design og ei nettgruppe har arbeida aktivt med oppdateringar, har statistikken gått kraftig oppover. Heimesida hadde 207 unike lesarar per dag i den første månaden av året - tilsvarande tal for oktober så langt er 307. Dette talet er jamnt stigande, og målsetninga er å nå opp mot 350 daglege lesarar i løpet av året. Mellom 2500 og 3000 ulike brukarar les på heimesidene kvar månad, heimesidene er derfor ein svært viktig kanal for å nå ut til klubbens medlemmer og andre handballinteresserte. Bjornar.no er framleis under stor utvikling, og det skal arbeidast med følgjande områder:
Informasjon til medlemma
Det skal vere mogleg å få svar på det meste ein lurer på om klubben på heimesidene. Kva arbeider styret med, og kva står klubben for? Når skal laga spele kamp? Når er neste arrangement eller turnering? Kva oppgåver har ein når ein skal selge billettar i hallen? Når skal eg i aksjon som dommar? Slike spørsmål skal ein etter kvart få gode svar på ved å legge turen innom sidene. Dette arbeidet tar ein del tid, men allereie no kan ein finne mykje både historisk og ny informasjon rundtom på sidene. Til dømes er sidene "Klubborganisasjon" nyleg oppdaterte med ein fullstendig oversikt over frivillige i det tillitsvalde apparatet. Det er svært viktig å synleggjere at klubben er drive og styrt på dugnad, og dermed også behovet for at vi alle bidrar med litt til fellesskapet for at barn, unge og vaksne skal ha eit framleis godt handballtilbod. Det er over 100 personar som har frivillige tillitsverv i klubben og som gjer ein fantastisk jobb, desto viktigare er det at informasjonsarbeidet klubben fungerer på ein god måte.
Engasjement og møtestad
Heimesidene skal gjenspegle aktiviteten i klubben, og oppdateringar rundt det som skjer på bana er enormt viktig. Her skal det vere mogleg for barn og unge å lese om seg sjølv, og heimesidene skal bidra til sterkare klubbkjensle som ein møtestad på internett. For å få dette til, er vi imidlertid avhengige av bidrag frå foreldre og trenarar. Laga kan sjølve legge ut informasjon og nyheiter om sin aktivitet (etter godkjenning frå administrator), og vi håper spesielt på fleire bidrag frå aldersbestemt handball i tida framover. Dersom du ønskjer brukarnamn og passord til å legge ut informasjon om laget, ta kontakt med heimesideansvarleg Geir-Asle Hennes:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Marknadsføring
Bjørnar Handball har svært mange arrangement, frå seniorkampar til Dansefest, og heimesida skal gjere denne aktiviteten betre kjent. Det er eit spesielt satsingsområde å skape merksemd rundt kamparrangementa til våre seniorlag, som skal vere samlingspunkt for både eigne medlemmer og tilhengarar i nærmiljøet. Filosofien i klubben er tufta på at breidde og topp skal vere gjensidig avhengige av kvarandre; Breidda skal skape grobunn for talentutvikling og handball på toppnivå, medan topphandballen har eit særskilt ansvar for å skape engasjement, stoltheit og tilhørigheit i breidda, slik at så mange som mogleg blir verande så lenge som mogleg i eit godt klubbmiljø. Då er det viktig at alle veit når arrangementa finn stad, mellom anna her på bjornar.no.
|