Hovedside | Herrer | H03 / Spar | Tapte toppkampen i 4.divisjon
21.
feb
2011
Tapte toppkampen i 4.divisjon PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
bjornarlogoMathopen/Kjøkkelvik-Bjørnar 2 40-32 (25-16): Mathopen vart diverre for sterke for det unge Bjørnarlaget og vann kampen fortjent 40-32. Kampen vart i realiteten avgjort i 1.omgang der laget frå Bergen Vest lukkast med absolutt alt dei prøvde på og laga heile 25 mål. For Bjørnar sin del var det kollektiv svikt bakover på bana, men framover var det mykje fint spel i heile kampen. 17 år gamle Markus R Storegjerde var banens klart beste spelar og laga heile 16 mål i løpet av kampen etter fantastisk skyting. Likevel var det ikkje nok, og Mathopen sikra seg dermed direkte opprykk til 3.divisjon. Trass tapet kan Bjørnar 2 framleis rykke opp, men det må skje via kvalifisering mot laget som endar på 9.plass i 3.divisjon. Elles er det også verdt å trekke fram Mathopen sitt flotte arrangement med innløping, speaker og nesten tresifra antall tilskodarar. God stil i 4.divisjon.
 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?