Bjørnar-Fyllingen 18-25 (5-15): Herrelaget tapte diverre mot Fyllingen i kveld etter ein nærvøs og famlande 1.omgang der lite stemte. Men heldigvis fekk dei 180 på tribuna valuta for pengane i 2.omgang der Bjørnar viste kva som bur i laget og leverte ein forrykande innsats. Forsvaret var solid, Kønig Havnen fulgte opp bakerst med ein serie flotte redningar og framover på bana traff Leif Småland og brørne Andersson med fleire avslutningar. Med ti minutt igjen å spele hadde Bjørnar nesten tatt igjen heile forspranget og var berre tre mål bak, men på slutten viste Anders Fältnes(bilete) sine menn kvifor dei spelar på det høgste nivået i Noreg og dro dermed i frå Bjørnar dei siste minutta av kampen. Alt i alt ein flott prestasjon frå Bjørnarherrene som nok ein gong gav eit eliteserielag hard kamp om avansement i Bjørnarhallen. For meir om kampen sjå BA og Fyllingen si heimeside .
|
|
Sist oppdatert torsdag 19. august 2010 08:01 |
|
|
|