Bjørnar 2- Vadmyra 33-20 (18-8): Loddefjord har den seinaste tida vorte kjend over heile landet på grunn av musikkmiljøet i bydelen. Men på handballbana kan ikkje Loddefjord måle seg med Arna, noko søndagens kamp i Herrar 4.divisjon viste.
JON og gjengen og Fjorden Baby har mellom anna fått strålande omtalar frå ei samla musikkpresse. Men på handballbana kan ikkje Loddefjord måle seg med Arna. H.5 var overlegen heile kampen mot Vadmyra og vann til slutt 33-20, ikkje minst grunna strålande målvaktspel av Andreas Borge og eit svært solid midtforsvar med Eirik Eliassen og Martin Lothe. Det at H.5 berre slepper inn 20 mål i løpet av ein kamp er nesten for godt til å vere sant. Også framover på bana var det mykje positivt der Ronny Bruknapp imponerar med sin uforutsigbare stil. Tidvis kan det sjå ut som det berre går rundt og rundt med Bruknapp, men ballen plar ende i mål. Dermed vart det ein lang tur heim for Vadmyra over ei bru og gjennom eit fjell.
|