|
|
Tapte toppkampen i 4.divisjon |
|
|
|
|
Mathopen/Kjøkkelvik-Bjørnar 2 40-32 (25-16): Mathopen vart diverre for sterke for det unge Bjørnarlaget og vann kampen fortjent 40-32. Kampen vart i realiteten avgjort i 1.omgang der laget frå Bergen Vest lukkast med absolutt alt dei prøvde på og laga heile 25 mål. For Bjørnar sin del var det kollektiv svikt bakover på bana, men framover var det mykje fint spel i heile kampen. 17 år gamle Markus R Storegjerde var banens klart beste spelar og laga heile 16 mål i løpet av kampen etter fantastisk skyting. Likevel var det ikkje nok, og Mathopen sikra seg dermed direkte opprykk til 3.divisjon. Trass tapet kan Bjørnar 2 framleis rykke opp, men det må skje via kvalifisering mot laget som endar på 9.plass i 3.divisjon. Elles er det også verdt å trekke fram Mathopen sitt flotte arrangement med innløping, speaker og nesten tresifra antall tilskodarar. God stil i 4.divisjon. |
|
|
|
Eit nytt kapittel i soga om H.5 og familien Brekke |
|
|
|
|
Vadmyra-Bjørnar 2 27-52: Som kjent for mange i handballbygda har familien Brekke i lang tid vore sentrale rundt H.5 og markert seg på både på bana, benken og i gatene. Derfor var det store forhåpningar til kva 16 år gamle Sindre "Lobben" Brekke kunne utrette når han endeleg fekk sjansen til å spele for laget han alltid hadde drøymt om å få spele for. Og unge Brekke skuffa ingen, han laga heile 21 mål inkludert 10 elegante lobbar over målvakten til Vadmyra. Men det er likevel ein audmjuk ungdom som uttalar seg til bjornar.no. " Dette er ein gutedraum som går i oppfylling. Eg veit kor mykje H.5 betyr for far min Brigt og onkelen min Magne, så dermed er det viktig for meg å leve opp til forventningane familien har til meg. Av bror min Martin har eg fått lære grunnleggjande teori om tyngdekrafta som eg kan overføre til å lobbe på handballbana. Av den andre bror min Håvard har eg fått innprenta at ein alltid skal gje alt for H.5 uansett kva situasjon ein kjem opp i, og den haldninga prøver eg å ta med meg i spelet mitt".
|
|
|
Suksess med ny trenar for H.5 |
|
|
|
|
Bjørnar 2- FyllingenBergen 3 37-30 (21-12): Bjørnar sine nest beste herrer tok ein solid siger i sesongens første kamp mot FyllingenBergen 3 etter ein godt gjennomført kamp. Robert Stavenes, som har tatt over ansvaret for H.5 denne sesongen var strålande nøgd etter kampen og sa følgjande til bjornar.no: Eg ynskjer ikkje å kritisere tidlegare trenar Magne Juuhl for mykje, men eg trur nok det har hjelpt på at ein har fått inn litt meir tyngde på benken i høve til det sportslege. Dette utsagnet vert også fulgt opp av den rutinerte spelaren Thomas Reigstad: Det er klart at Stavenes har gjeve oss eit løft, ikkje minst i høve til det å motivere spelarane er han dyktig. Og dette kunne ein sjå att på bana, spelarane verka svært tente og varta opp med flott angrepshandball med Kim Haga som den store dirigenten i angrep. Dermed vart kampen aldri særleg spennande trass mykje ungdommeleg pågangsmot frå dei gule og blå frå Fyllingsdalen. |
|
Bjørnar-Fyllingen 18-25 (5-15): Herrelaget tapte diverre mot Fyllingen i kveld etter ein nærvøs og famlande 1.omgang der lite stemte. Men heldigvis fekk dei 180 på tribuna valuta for pengane i 2.omgang der Bjørnar viste kva som bur i laget og leverte ein forrykande innsats. Forsvaret var solid, Kønig Havnen fulgte opp bakerst med ein serie flotte redningar og framover på bana traff Leif Småland og brørne Andersson med fleire avslutningar. Med ti minutt igjen å spele hadde Bjørnar nesten tatt igjen heile forspranget og var berre tre mål bak, men på slutten viste Anders Fältnes(bilete) sine menn kvifor dei spelar på det høgste nivået i Noreg og dro dermed i frå Bjørnar dei siste minutta av kampen. Alt i alt ein flott prestasjon frå Bjørnarherrene som nok ein gong gav eit eliteserielag hard kamp om avansement i Bjørnarhallen. For meir om kampen sjå BA og Fyllingen si heimeside . |
|
Sist oppdatert torsdag 19. august 2010 08:01 |
Bjørnar 2- Vadmyra 33-20 (18-8): Loddefjord har den seinaste tida vorte kjend over heile landet på grunn av musikkmiljøet i bydelen. Men på handballbana kan ikkje Loddefjord måle seg med Arna, noko søndagens kamp i Herrar 4.divisjon viste.
|
|
Sist oppdatert mandag 05. oktober 2009 08:06 |
|
Les mer …
|
|
|
|
|
Side 1 av 5 |