Hovedside | Herrer | Gutter 16 | Nye Bring-poeng
09.
feb
2010
Nye Bring-poeng PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

Bring_Gutar_0910Foreldregruppa gjorde ein strålande innsats med arrangementet då Bjørnar var vertskap for 4.runde i den nasjonale Bring-serien på gutesida. Bjørnars Gutar 16 vann to nye poeng laurdag 6.februar, medan jentene tok eitt poeng i si runde i Fredrikstad.

 

Det vart enormt mykje mål i alle dei tre kampane i Bring-serien i Bjørnarhallen laurdag, og Bjørnar måtte gi tapt i første kamp mot Oppsal med sifra 28-29. I avslutningskampen vart det imidlertid siger 33-27 mot Strindheim. I mellomtida spelte dei to gjestande laga uavgjort 29-29. Då var det godt at både dommarane og speakertenesta var plukka frå øvste hylle, men den største rosen skal arrangørane rundt laget ha, som hadde organisert ei flott turnering. Du kan sjå Oppsal sine bilete frå turen til Bergen her.

 

På jentesida var Bjørnar/Os i Fredrikstad for å spele si 4.runde. Her vart det langt færre mål, men også jentene tapte sin første kamp mot vertane frå Skogstrand (13-15). Mot HK Rygge vart det imidlertid eitt poeng til dei blåkledde etter eit 15-15-resultat. No gjenstår det berre ei runde av den innleiande Bring-serien, som skal avsluttast med fellesarrangement i Oslo 13.-14.mars.

 

Les meir om Bring-serien her.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?