Hovedside | Herrer | Gutter 16 | Representert på alle lag
08.
feb
2010
Representert på alle lag PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarOle Martin Bruvik og Sindre Brekke (biletet) er berre to av seks Bjørnar-spelarar som er tekne ut til By- og Regionslag i Region Vest. Bjørnar er representerte på alle dei fire laga som er plukka ut til å representere Hordaland og Sogn og Fjordane.

 

På Regionslaget (92/93) for gutar er Andreas Eliassen og Lars-Erik Andersson plukka ut blant ei lang rekke Fyllingen-spelarar, medan Thea Samuelsen er Bjørnars representant på Regionslaget for jenter som skal til NM Regionslag på Hamar 26.-28.februar. I tillegg er tidlegare Bjørnar-spelar Erlend Rødland Storegjerde (no Fyllingen) med på gutelaget.

 

Samme helga skal Bylaga (94/95) til Bjørklund Cup i Trondheim Spektrum. Bergen vann denne turneringa på både jente- og gutesida i fjor, med ei rekke Bjørnar-spelarar i rekkene. I år er det Anne Birthe Korsmo som får vere med dei beste til Bjørklund Cup, medan Ole Martin Bruvik og Sindre Brekke er på Bylaget for gutar. Vi gratulerer så mykje med uttaka, og ønskjer lykke til!

 

Les meir om alle uttaka her.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?