Hovedside | Herrer | Gutter 16
G16


13.
sep
2010
Må til ekstra Bring-kvalik PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   
Bring-serienSamarbeidslaget Bjørnar/Årstad Gutar 16 må spele ekstrakvalifisering til Bring-serien etter helgas kvalifisering i Bjørnarhallen. Bjørnar/Årstad opna godt med siger 30-23 over Helset, men måtte gje tapt mot Elverum i siste kamp med sifra 27-16. Elverum vart dermed puljevinnarar og er direktekvalifiserte til den nasjonale Bring-serien, medan dei andre laga skal spele ekstrakvalifisering 2.-3.oktober. 12 lag er kvalifiserte så langt, og 12 lag til skal bli med i Bring-serien for Gutar 16.
 
09.
sep
2010
Bringkvalifisering i Bjørnarhallen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   

På gutesida har Bjørnar og Årstad inngått eit samarbeid for G.16 klassen slik at klubbane stiller eit felles lag i Bringkvalifiseringa. Laget starta opp med fellestreningar i mai og har ambisjonar om å kvalifisere seg til sjølve Bringserien, ein nasjonal serie for dei beste G.16 laga i landet. På laurdag er det klart for kvalifisering i Bjørnarhallen, og her får ein tøff motstand frå Helset og Elverum. Sidan Årstad er partnarklubb i samarbeidet heiter laget Årstad på papiret, men på bana vil ein også kunne sjå Bjørnarspelarar, så vi oppmodar alle til å ta turen i Bjørnarhallen for å sjå aldersbestemt handball på høgt nivå.

Kampprogram:

Kl 1200 Årstad (Bjørnar)- Helset

Kl 1430 Helset- Elverum

Kl 1700 Elverum- Årstad (Bjørnar)

Sist oppdatert mandag 13. september 2010 17:25
 
08.
feb
2010
Representert på alle lag PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarOle Martin Bruvik og Sindre Brekke (biletet) er berre to av seks Bjørnar-spelarar som er tekne ut til By- og Regionslag i Region Vest. Bjørnar er representerte på alle dei fire laga som er plukka ut til å representere Hordaland og Sogn og Fjordane.

Les mer …
 
09.
feb
2010
Nye Bring-poeng PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

Bring_Gutar_0910Foreldregruppa gjorde ein strålande innsats med arrangementet då Bjørnar var vertskap for 4.runde i den nasjonale Bring-serien på gutesida. Bjørnars Gutar 16 vann to nye poeng laurdag 6.februar, medan jentene tok eitt poeng i si runde i Fredrikstad.

Les mer …
 
17.
jan
2010
Landslagsdebuten PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   
BjørnarAndreas Eliassen (biletet) er med 92-/93-landslaget i Sverige og fekk laurdag sin debut i kamp då Noreg slo vertslandet 25-21. Andreas svarte på tilliten med å også sette sitt første mål med flagget på brystet. Klubben er stolt av innsatsen så langt, og håper resultata av mange års hardt arbeid vert til inspirasjon for dei yngre. Les meir om kampen her.
 
«StartForrige12NesteSiste»

Side 1 av 2
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?