Herrelaget har fått ein tøff trekning i NM og skal møte eliteserielaget Fyllingen i Bjørnarhallen. Fyllingen vann sluttspelet førre sesong og vert rekna som eit av dei beste laga i Noreg, ikkje minst grunna tidlegare Bjørnargut og lagets nøkkelspelar Andreas Gjeitrem (bilete). Men sjølv om motstanden på papiret er noko tøff er det mykje som tyder på at det vert ei god handballoppleving i Bjørnarhallen der ein får sjå lokale spelarar bryne seg mot det høgste nivået i handballnoreg. Vi oppmodar alle til å allereie no merke seg kamptidspunktet onsdag 18.august kl 1900 i Bjørnarhallen. Her vert det god stemning og mykje flott handball.