|
|
Iben Hvidsten klar for Bjørnar |
|
|
|
|
Iben Hvidsten er klar for Bjørnar resten av sesongen. Den kontringssterke venstrekanten frå FyllingenBergen vil med sin erfaring frå Postenligaen vere ein positiv tilvekst til herrelaget. Sidan Bjørnar og FyllingenBergen er samarbeidsklubbar, vil Hvidsten framleis kunne spele for FyllingenBergen sjølv om han melder overgang til Bjørnar. Vi ynskjer han velkommen til klubben, og takkar partnarklubben vår FyllingenBergen for eit godt samarbeid, som kan hjelpe oss til å nå målet om å halde plassen i 1.divisjon. |
|
|
|
Sparserie i Bjørnarhallen |
|
|
|
|
Markus Rødland Storegjerde og resten av Bjørnar G.18 fekk ein flott start på Sparserien, med fire poeng i den første runda. No skal laget følgje opp dette i 2.runde, som går helga 10-11.desember. I denne runden vil Bjørnar møte tøff motstand frå Haslum HK, Haslum IL og Kristiandsand, men Bjørnar har fordel av heimebane, så vi satsar på at laget held fram poengfangsten. Kom ut i Bjørnarhallen for å sjå aldersbestemt handball på høgt nasjonalt nivå.
10.des kl 1200 Bjørnar -Haslum HK (eliteklubben) 10.des kl 1800 Bjørnar - Haslum IL (breiddeklubben) 11.des kl 1130 Bjørnar- Kristiandsand |
|
|
Ny håndballfest på onsdag |
|
|
|
|
|
|
Det er duket for sesongens siste håndballfest i Bjørnarhallen, damelaget med Catharina Olsen Vold (bilde) i spissen møter Årstad til et dundrende lokaloppgjør i 1.divisjon for kvinner, begge lagene viste stor form i helgen med å slå både BSK og oppryksjagende Skrim her i Bergen. Herrelaget til Bjørnar spiller sin første hjemmekamp siden januar, og du kan være med å hylle laget som nå er klare for å spille kvalifisering for neste sesongs 1.divisjon for herrer. Altså: Bjørnar - Årstad i 1.divsjon kvinner klokken 1900 Bjørnar- Norrøna i 2.divisjon herrer klokken 2045
Arna Treningssenter er kampsponsor for kampen, og kanskje har de med et godt tilbud til alle som er på kamp?
Sees i hallen!
|
|
|
Sist oppdatert torsdag 10. mars 2011 17:01 |
|
|
|
God start på Sparserien for G.18 |
|
|
|
|
Markus Storegjerde (bilete) og resten av Bjørnar G.18 fekk ein god start på Sparserien med to sigre og eit tap i løpet av den første runden. I den første kampen tapte laget 30-27 mot Fyllingen, i ein kamp der ein diverre ikkje fekk ut potensialet i laget. Men i dei to neste kampane gjekk det langt betre, først slo laget Nøtterøy 32-23, før Bjørnar leverte ein kjempekamp og slo Bækkelaget 26-22. Bækkelaget er ein av førehandsfavorittane til å vinne Spar, og slo mellom anna Fyllingen 27-22. Derfor var dette ein flott prestasjon av Bjørnargutane som viste at dei i sine beste stunder kan slå dei fleste laga i Noreg. Lagleiar Pål Lothe er imponert over innsatsen i helga, og meiner det var ei klar stigning frå kvalifiseringsrunden: Alt i alt er eg nøgd med helga, sjølv om det var bittert å tape for Fyllingen. Spesielt var det imponerande å sjå 15 år gamle Tord Lund sitt målvaktsspel og Markus Storegjerde sin fantastiske skyting framover på bana.
|
|
Sist oppdatert søndag 13. november 2011 21:23 |
|
|
Bjørnardommar på fjernsyn |
|
|
|
|
Andreas Daviknes Borge har tatt store skritt som dommar dei siste sesongane og får stadig nye oppgåver på høgare nivå. I helga var han dommar under den nasjonale Bylagsturneringa, og etter imponerande dømming i dei innleiande kampane i lag med makker Charles Whiteley frå Os vart paret tildelt finalen i guteklassen. Finalen vart vist direkte på TV 2 utan at det unge dommarparet lot seg vippe av pinnen. Dei gjennomførte nok ein god kamp, og fekk i etterkant skryt frå fleire hald for innsatsen. Vi gratulerar Daviknes Borge med innsatsen og ynskjer han lukke til vidare med dommarkarriera! Sjå her kva Region Vest skriv om dommarparet.
|
|
|
|
|
Side 1 av 6 |