Onsdag 7.desember kl 1900 i Bjørnarhallen tar herrelaget i mot Haugaland HK til ein ny spennande kamp i 1.divisjon. Haugaland HK, som har Mika Nurmi på benken, har fått ein bra start på sesongen og er plassert på øver halvdel av tabellen. Likevel er det ikkje ei umogleg oppgåve for eit ungt Bjørnarlag i stadig utvikling, som er sulten på gjenta suksessen frå førre heimekamp mot Nærbø.
Til denne kampen vil også Simas Stankus vere tilbake på bana. For å ta poeng mot Mika Nurmi sitt meir erfarne mannnskap, treng laget støtte frå fulle tribunar. Derfor oppmodar vi alle til å ta turen ut i Bjørnarhallen på onsdag for å heie fram herrelaget til nye poeng!