Onsdag 18.august kl 1900 er det klart for årets kamp i Bjørnarhallen når herrelaget tar i mot dei regjerande sluttspelsmeistrane Fyllingen i cupen. Her får ein høve til å sjå korleis våre lokale spelarar hevdar seg mot elitespelarane frå Dalen. Nokon vil hevde at det er ein i overkant stor utfordring for det unge og skadeutsatte Bjørnarlaget, men med full støtte frå eit lokalpatriotisk publikum veit ein aldri kva som kan hende. Så vi oppmodar verkeleg alle til å ta turen til Bjørnarhallen i morgon for å heie fram våre lokale gutar i kamp mot langt meir erfarne og meritterte spelarar. Alle for ein- Bjørnar for alle!