Trass at herrelaget mangla fleire av dei på førehand mest sentrale spelarane vann laget Åpningscupen etter å ha slått Norrøna 19-12 i finalen. I fråværet av spelarar som Andreas Aarseth, Steffen Andersson og Leif Småland stod yngre spelarar fram og viste at dei er moden for seniornivået. Lasse Mjelde (biletet) Markus R Storegjerde og Sindre Brekke var alle solide iog beviste at dei unge verkeleg pustar dei etablerte i nakken. Spelet i Åpningscupen var oppløftande, men samstundes er skadesituasjonen noko bekymringsfull før NM-kampen mot Fyllingen på onsdag, då ein der vil møte øangt tøffare motstand enn kva laget gjorde i helga. Vi håper Bjørnar vert fulltallig og med ein god miks av ungdommar og seniorspelarar kan gje Fyllingen kamp om avansementet til neste runde.
|
|
|
|