Tre spelarar frå eigne rekker tatt opp i a-stallen
Skrevet av Magne Juuhl
Det er med stor glede vi kan melde at Bjørnar held fram med å produsere eigne spelarar til klubbens herrelag. Før denne sesongen har Sindre Brekke, Markus R Storegjerde og Lasse Mjelde tatt steget opp til seniornivå, og vi trur at alle spelarane vil markere seg i løpet av sesongen. Brekke er ein rask og underhaldande venstrekant som mellom anna var blant Bergens beste spelarar under Bylagsturneringa førre sesong. Storegjerde er ein hardtskytande bakspelar som hadde svært god utvikling førre sesong og som er kapabel til å lage mange mål frå distanse også på seniornivå. Mjelde er ein lur linjespelar som er dyktig til å plassere seg inne på streken. Vi trur at desse spelarane vil gje dei etablerte seniorspelarane hard kamp om plassen på laget slik at konkurransen og kvaliteten vil auke i treningsarbeidet.