Sotra-Bjørnar 25-23: Herrelaget gjekk på eit tap i sesongens siste kamp borte mot Sotra der det var tydeleg at Bjørnarspelarane var utlada etter at seriemeisterskapet vart sikra runden før. Bakover på bana var det brukbart med ein god Bjørnar K Havnen i buret, men framover på bana var det diverre altfor mykje dårlege avslutningar. Dermed kunne Sotra ta med seg ein fortjent siger mot eit litt tafatt Bjørnarlag.
|