Bjørnar-Solid 28-20 (15-11): Herrelaget kunne endeleg juble over divisjonssiger etter heimekampen mot Solid. Bjørnar er dermed klare for opprykkskvalifisering til 1.divisjon. - Vi hadde ikkje greidd dette utan publikum, seier toppscorar Steffen Andersson til Bygdanytt.
I byrjinga av kampen var gjestane frå Sunnhordland det førande laget, men utover i kampen tok Bjørnar gradvis over og viste at laget var betre trent enn motstanderen. Framover på bana var Steffen Andersson dominerande medan målvakt Gunnar Juuhl etterkvart stengte buret og fortent vart kåra til Bjørnars beste spelar. I takt med at spelet på bana vart betre steig også steminga på tribuna blant dei 215 tilskodarane. Med flagg, bluss og sang viste publikum seg frå si beste side og Øksen var igjen ein sentral del av tribunelivet. Oppsummert var det ein flott kveld for klubben og handballen som verkeleg gleda alle som var tilstades i hallen.
Les også Lars Johansen sine kommentarar etter kampen på NHF Region Vest sine sider.
|