Bjørnar-Lyngbø 30-27 (10-15): Lyngbø imponerte, Supersupportarane imponerte, men Bjørnar-herrane imponerte lite då dei halte i land to poeng i søndagens andre del av Handballfesten i Bjørnarhallen.
Det kunne sjå ut som om Bjørnar frå start undervurderte sine motstandarar, botnlaget Lyngbø. Etter ei bra opning, tok gjestane over og styrte kampbiletet i det som var ein frykteleg 1.omgang. Mats Rise - toppscorar og kampens beste - fekk herje fritt med eit passivt Bjørnar-forsvar og sette totalt 13 ballar i nettet.
2.omgang starta like svakt, men Bjørnar greidde å halde avstanden nede i fem-seks mål det nest siste kvarteret. Det var ikkje før i kampens siste fase alvoret såg ut til å gå opp for dei blå, og dei siste femten minutta vann Bjørnar 8-2. Sakte men sikkert henta vertane opp forspranget og tok dei siste minutta godt over initiativet. Bjørnar-herrane viste igjen at dei er vanskelege å stoppe når dei først får overtaket, men utover det lite å glede seg over utover dei to poenga som trass alt var det viktigaste.
På Bjørnars spelande lag vart Kim Haga kåra til den framste av dagens spelarar, men også målvakt Bjørnar Kønig Havnen - som i denne kampen fekk sin heimedebut i Bjørnar-drakta - gjorde ein god kamp. Den største rosen går imidlertid til Bjørnars Gutar 11 som var kampens Supersupportarar og stod for maks innsats for å drive opp stemninga i hallen med sang, flagg og eit originalt show under kvar timeout. Tusen takk til gutane som var det viktigaste lyspunktet i dagen!
Sjå fleire bilete frå Bjørnarhallen 14.februar her.
|