Hovedside | Herrer | herrenytt | På topp i 2.divisjon
22.
jan
2010
På topp i 2.divisjon PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarStord 2-Bjørnar 19-22 (10-11): Bjørnar-herrane tok med seg to poeng frå Stord etter ein skikkelig slitekamp og overtar dermed tabelltoppen i 2.divisjon. Få kontringar, to gode målvakter og få mål var gjennomgangstonen i kampen, men Lars Erik Andersson var avgjerande då det gjaldt.

 

Både Stord-målvakt Tor Christian Sæbø og Bjørnars sisteskanse Gunnar Juuhl gjorde sitt til at måla satt svært langt inne i denne kampen, og Stord 2 sette merke på både Steffen Andersson og Kim Haga. Spelet gjorde sitt til at det vart få kontringar og ein slitekamp meir enn nokon annan i sesongen. Bjørnar kunne gå til pause med eittmålsleiing, men ni minutter før slutt var Stord 2 oppe i 18-16-leiing på heimebane.

 

Men Lars Erik Andersson viste då - trass sin unge alder - stor ansvarsvilje og sette inn to mål i den siste perioden av kampen, samstundes som Rene Solberg også gjorde sitt framover på bana. Dermed kunne Bjørnar til slutt strekke hendene i veret for sin niande siger denne sesongen. Ettersom Nornen tapte sin kamp torsdag mot NHHI, går Bjørnar dermed forbi og opp på toppen av tabellen med ein kamp mindre spilt enn sin næraste konkurrent.

 

- Det var ein litt rar kamp med lite mål, men vi viser vilje og tar ein viktig siger, kommenterer sportsleg leiar Magne Juuhl på ei dårleg linje frå øya i sør. 28.januar ventar nok ein tøff bortekamp mot Fyllingen 2, før det vert ein verkeleg højdare i Haukelandshallen når Nornen står på motsett side 11.februar.

Sist oppdatert fredag 22. januar 2010 22:02
 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?