Hovedside | Herrer | herrenytt | Lynvingen frå Litauen
10.
jan
2010
Lynvingen frå Litauen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
Bjornar_Herrer_Lag_0910Bjørnar-Åsane 31-27 (16-13): Simas Stankus var tidvis briljant i heimeoppgjeret mot Åsane og laga til saman 10 mål i ein kamp der Bjørnar stort sett hadde kontroll. Åsane med Andreas Rasmussen i spissen var fullt på høgde med Bjørnar i det etablerte spelet men i kontringsfasen viste kantane til heimelaget fram eit ekstra gir som Åsane ikkje klarte å stå i mot. Rene Solberg, Andreas Eliassen og nevnte Stankus var alle gode til å løpe slik at kampen aldri kom inn i Åsane sitt tempo. I det etablerte angrepet gjorde Kim Haga ein god figur som playmaker i Steffen Andersson sitt sjukdomsfråver og var flink til å gjere dei andre på laget god. Oppsummert ein bra gjennomført kamp foran dei rundt 150 tilskodarane som også fekk med seg debuten på herrelaget for den talentfulle linjespelaren Lasse Mjelde.
 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?