Andreas Eliassen (t.v.) er tatt ut på gutelandslaget som skal samlast i Bergen like før jul. 16-åringen frå Bjørnar har gjennom sine prestasjonar overbevist landslagstrenarane om at han er verdig ein plass blant landets aller beste 16- og 17-åringar.
- Andreas har prestert godt både på trening og kamp over tid, og har fått ein vel fortent plass i landslagstroppen, seier Magne Juuhl, sportsleg leiar for herregruppa, om Andreas som i tillegg til å vere ein nøkkelspelar på Gutar 16 også har vore eitt av dei største lyspunkta i 2.divisjon. I sin første sesong på seniorlaget har han raskt etablert seg som ein profil både i forsvar og angrep.
- Andreas er ein klassisk "plusspelar"; lite tekniske feil, høg uttellingsprosent og gjer alltid ein god jobb defensivt anten han ligg framskutt eller på kant i forsvar. Så sjølv om han ikkje alltid lagar så mykje mål, er han alltid viktig for laget, understrekar Juuhl overfor bjornar.no.
Landslaget samlast til storsamling i Bergen 17.-20.desember, og trenarane Vidar Gjesdal og Geir Erlandsen har tatt ut totalt 22 spelarar. Vi gratulerer Andreas med landslagsplass og ønskjer lykke til på samling!
|