Hovedside | Herrer | herrenytt | Ein solid revansje
29.
nov
2009
Ein solid revansje PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

BjørnarBjørnar-Sotra 37-20: Bjørnar-herrane fekk vist at bortetapet mot Solid ikkje var starten på ein nedtur då dei tok sesongens klart største siger. Eit svekka Sotra-mannskap greidde ikkje stå imot tempoet i Bjørnar-laget, og ikkje minst den levande veggen Gunnar Juuhl i målet.

 

I tillegg til den høgreiste målvakta var det Steffen Andersson som framheva seg mest. Bakspelaren opna ballet med å score dei fire første måla i kampen, og sette standarden for kor det heile bar hen. Bjørnar spelt svært godt i forsvar og fekk mål på kontringar og overgangar, men Andersson leverte også fleire lynrakse avslutningar i etablert angrep og sette både forsvar og målvakt på sidelinja. Det vart til slutt elleve mål notert på den tidlegare aldersbestemte landlagsspelaren. Også Andreas Eliassen markerte seg sterkt i kontringsspelet, og Simas Stankus - som endeleg var tilbake etter eit lengre opphald i Vilnius - fekk til slutt springe inn fem mål i andre omgang.

 

Sotra var svekka av spelarar som var ute med sjukdom og av andre omstender, og Bjørnar køyrte på si side eit tempo dei ikkje greidde å henge med på. Uansett var dette likevel Gunnar Juuhl sin store dag lengst bak for dei blå. Gjestane stod etter 20 minuttars spel med tre mål i protokollen etter at Juuhl hadde stoppa så å seie alt som gjekk forbi det tette forsvaret. I første omgang fekk dei 80 tilskodarane sjå til og med sjå ei trippelredning, og med framleis strålande spel også i andre var det liten tvil om kor bestemannspremien skulle hamne. På ein god dag fekk Bjørnar-laget vist at bortetapet mot Solid ikkje setter stort preg på troppen.

 

Trond Førde Eriksen vart bortelagets beste spelar i ein kamp som altså ikkje vart like spennande som førre gong dei to laga møttes, då det måtte fire ekstraomgangar og seks straffekastrunder til for å avgjere cupkampen i Bildøyhallen.

 
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?