Hovedside | Herrer | herrenytt
19.
apr
2012
Anti-nedrykksjubel! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   

bjornarlogoSom dei fleste har fått med seg berga Bjørnar plassen i 1.divisjon med eit nødskrik, sjølv om laget tapte siste kamp mot Kristiandsund, sidan Fram og Nærbø spelte uavgjort. Stephanie Børhaug har filma frå Bjørnarhallen når det vart kjend at herrleaget likevel ikkje rykka ned. Sjå video

snutten her og få med deg ekte idrettsglede frå Bjørnarhallen.

Sist oppdatert torsdag 26. april 2012 20:40
 
08.
apr
2012
Avgjerande serieavslutning PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   

Bodø KristiansundHelga 14.-15.april inviterer Bjørnar til stor handballfest i samband med serieavslutninga til herrelaget. Bjørnar-herrane treng etter alle solemerker minst eitt poeng for å sikre fornya kontrakt i 1.divisjon, og har ein dobbelsjanse når Bodø og Kristiansund kjem på besøk i Bjørnarhallen. Laurdag 14.april kl 1700 og søndag 15.april kl 1500 er tidspunkta du bør legge inn i kalenderen og heie fram laget til ein ny sesong blant landets beste lag. Plakaten kan du sjå i stort format ved å trykke på denne lenka.

 

Sist oppdatert torsdag 12. april 2012 15:02
Les mer …
 
12.
feb
2012
Jamn kamp mot Falk PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
Bjrnar-Krager_003Bjørnar- Falk 21-25 (13-13): Herrelaget gjekk respektlaust til verks mot opprykkskandidat Falk, og førte kampen det meste av 1.omgang. Med Kim Haga og Eirik Engelsen i spissen viste laget fram flott angrepshandball til stor begeistring for ein nesten fullsatt Bjørnarhall. Til pause var stillinga 13-13, men utover i 2.omgang tok Falk over kampen og vann til slutt med fire mål. Trass dette var det mykje positivt å ta med seg frå kampen. Bakover på bana var innsatsen og kampviljen strålande, med forsvarsgeneralane Kristian Arnesen og Andreas Aarseth i spissen. Markus Storegjerde fekk også tidvis vist fram sitt enorme potensial, og laga fleire fine mål med sine knallharde skot. Klarar Bjørnar å dra med seg det positive frå denne kampen, har vi stor tru på at laget vil halde seg 1.divisjon. 
 
10.
mar
2012
Lokalderby torsdag 15.mars PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   
Plakat_Herrelaget_Stord_150312Torsdag 15.mars kl 1900 tar Bjørnar sitt herrelag imot Stord Elite til vestlandsoppgjer i Bjørnarhallen. To poeng i denne kampen vil vere svært viktig i kampen for overleving i 1.divisjon, og vi oppmodar alle til å ta med seg vennar og familie på denne lokalgodbiten førstkommande torsdag. Plakaten kan du sjå i stort format ved å følgje denne lenka.
 
22.
jan
2012
Svært viktig siger for Bjørnar PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
Bjrnar-Krager_003Fram Larvik- Bjørnar 23-26 (8-16): Herrelaget ,med Andreas Aarseth i spissen, vann den viktige bortekampen mot Fram, etter ein flott laginnsats der særleg forsvarsspelt var av god kvalitet. I 1.omgang laga Fram berre 8 mål, samstundes som Bjørnar hadde flyt i angrepsspelet. Dermed hadde Bjørnar eit stort forsprang til pause. Utover i 2.omgang kom heimelaget stadig nærmare, men Bjørnar rei av stormen og kunne ta to velfortjente poeng. Med desse poenga klatra laget over streken for første gong på lang tid.
 
«StartForrige12345678910NesteSiste»

Side 1 av 45
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?