Hovedside | Herrer
26.
aug
2010
Flere vinnere i Åpningscupen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Bjørnar Håndball   
Trykk for større bildeEtter herrelagets suksess forrige helg med seier i finalen mot Norrøna fulgte G18-laget opp med ny finaleseier. I finalen møtte de Sotra og sluttresultatet viste 26-19 til Bjørnar-guttene. Laget hadde en rufsete start og kom tidlig bakpå, men var àjour til pause. I andre omgang viste laget at "oppvarming" i 1.omgang virket og seieren var egentlig aldri truet, selv om laget ikke akkurat glødet av spilleglede og seierssmil over innsatsen. MEN dette var og Sindre Brekke sin tredje vinner-t-skjorte i én og samme turnering, og det er vel kanskje ny "klubbrekord". Han ble med dette vinner for Herrer, G 18 og G 16 Bring-lag Årstad/Bjørnar
Sist oppdatert torsdag 26. august 2010 18:01
 
18.
aug
2010
Ute av cupen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
altBjørnar-Fyllingen 18-25 (5-15): Herrelaget tapte diverre mot Fyllingen i kveld etter ein nærvøs og famlande 1.omgang der lite stemte. Men heldigvis fekk dei 180 på tribuna valuta for pengane i 2.omgang der Bjørnar viste kva som bur i laget og leverte ein forrykande innsats. Forsvaret var solid, Kønig Havnen fulgte opp bakerst med ein serie flotte redningar og framover på bana traff Leif Småland og brørne Andersson med fleire avslutningar. Med ti minutt igjen å spele hadde Bjørnar nesten tatt igjen heile forspranget og var berre tre mål bak, men på slutten viste Anders Fältnes(bilete) sine menn kvifor dei spelar på det høgste nivået i Noreg og dro dermed i frå Bjørnar dei siste minutta av kampen. Alt i alt ein flott prestasjon frå Bjørnarherrene som nok ein gong gav eit eliteserielag hard kamp om avansement i Bjørnarhallen. For meir om kampen sjå BA og Fyllingen si heimeside .
Sist oppdatert torsdag 19. august 2010 08:01
 
15.
aug
2010
Suksess i Åpningscupen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
Lasse_Mjelde_09Trass at herrelaget mangla fleire av dei på førehand mest sentrale spelarane vann laget Åpningscupen etter å ha slått Norrøna 19-12 i finalen. I fråværet av spelarar som Andreas Aarseth, Steffen Andersson og Leif Småland stod yngre spelarar fram og viste at dei er moden for seniornivået. Lasse Mjelde (biletet) Markus R Storegjerde og Sindre Brekke var alle solide iog beviste at dei unge verkeleg pustar dei etablerte i nakken. Spelet i Åpningscupen var oppløftande, men samstundes er skadesituasjonen noko bekymringsfull før NM-kampen mot Fyllingen på onsdag, då ein der vil møte øangt tøffare motstand enn kva laget gjorde i helga. Vi håper Bjørnar vert fulltallig og med ein god miks av ungdommar og seniorspelarar kan gje Fyllingen kamp om avansementet til neste runde.
 
17.
aug
2010
Kom på årets kamp i Bjørnarhallen! PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   

bjornarlogoOnsdag 18.august kl 1900 er det klart for årets kamp i Bjørnarhallen når herrelaget tar i mot dei regjerande sluttspelsmeistrane Fyllingen i cupen. Her får ein høve til å sjå korleis våre lokale spelarar hevdar seg mot elitespelarane frå Dalen. Nokon vil hevde at det er ein i overkant stor utfordring for det unge og skadeutsatte Bjørnarlaget, men med full støtte frå eit lokalpatriotisk publikum veit ein aldri kva som kan hende. Så vi oppmodar verkeleg alle til å ta turen til Bjørnarhallen i morgon for å heie fram våre lokale gutar i kamp mot langt meir erfarne og meritterte spelarar. Alle for ein- Bjørnar for alle!

Sist oppdatert mandag 23. august 2010 19:55
 
13.
aug
2010
Herrelaget klar for Åpningscupen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Magne Juuhl   
bjornarlogoI helga skal herrelaget delta i den tradisjonsrike Åpningscupen der laget møter Årstad, Bergsøy og Mathopen. Kjem laget vidare frå pulja får ein fleire kampar i løpet av helga, slik at trenarteamet Aase og Sivertsen får nok ein del svar på korleis spelarane ligg an. Klarar Steffen Andersson å følgje opp den fine sesongen han hadde førre året? Vert Simas Stankus prega av proffrykta (er aktuell for Ajax København)? Kven markerar seg mest av målvaktene? Køning Havnen, Juuhl eller Ingebrigtsen som er tilbake frå skade? Og ikkje minst, vil fleire av spelarane frå den gyldne 93-generasjonen etablere seg på laget?  Kampane vert også ein fin gjennomkøyring før den store cupkampen på onsdag kl 1900 mot Fyllingen i Bjørnarhallen. Då ventar vi fullt hus og stormande jubel!  
 
«StartForrige12345678910NesteSiste»

Side 1 av 44
 
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Banner
Brukernavn   Passord       Forgot your password?  Forgot your username?