|
|
|
|
Tap og siger mot Kjøkkelvik for J.11 |
|
|
|
|
Laurdag spelte begge Bjørnarlaga i Olsvikhallen mot kvart sitt lag frå Kjøkkelvik. Bjørnar 2 tapte 10-6 etter å ha lagt under 5-0 etter fem min. Men etter den dårlege starten heva jentene seg, og vann 2.omgang med 1 mål. Bjørnar 1 vann 13-7 mot eit litt svakare Kjøkkelviklag. I denne kampen var det mykje bra spel og mange som gjorde ein god jobb. Nesten alle utespelarane kom på scoringslista, noko som tyder på god breidde i laget. |
|
Sist oppdatert tirsdag 21. februar 2006 12:54 |
| Begge J.11-årslaga har vore i aksjon i helga, og begge laga har tapt med 1 mål. Laurdag spelte Bjørnar 1 mot BHK og leverte ein god kamp, men resultatet vart til slutt 13-12 i favør jentene frå Landås. Spesielt det offensive spelat var bra, fleire av måla kom etter flott samspel. Søndag tapte Bjørnar 2 16-17 for Nornen. Mats Kardell som for høvet var lagleiar roser jentene. - Dei var flinke og hadde stor innsats. Sjølv synast eg det er artig hjelpe til med yngre lag i klubben. Vi takkar Mats for innsatsen, og vonar det var ei stor inspirasjonskjelde for jentene. Det er ikkje alle 11-årslag som får hjelp frå ein eliteserietrenar. |
|
Sist oppdatert søndag 11. desember 2005 20:08 |
|
|
|
Begge J.11-årslaga i aksjon i helga |
|
|
|
|
Det har vore ei aktiv helg for J.11. Bjørnar 1, som stort sett består av jenter frå Garnes, spelte to kampar. På laurdag vart Bønes 3 slått 12-7 i ein veldig god kamp, med mykje fint samspel. Søndag møtte imidlertid laget sterk motstand i eit veldig godt Ã
rstad-lag og tapte 13-3. Bjørnar 2, som for det meste er jenter frå Indre Arna, møtte også sterk motstand i sin kamp på laurdag. Dei tapte 8-14 for Fana 1 i ein kamp med mykje positive tendensar, men laget frå Bergen Sør hadde nok kome litt lengre i handballutviklinga.
|
|
Sist oppdatert tirsdag 10. januar 2006 00:05 |
|
|
Stor aktivitet for J.11 i helga |
|
|
|
|
Båe J.11-årslaga har vore i aksjon denne helga. Bjørnar 1 spelte borte mot Nordnes på laurdag. I ein jamn kamp som kunne ha vippa begge veger trakk til slutt Nordnes det lengste strået og vann 9-8. Men i løpet av kampen var det mykje postivt spel frå arnajentene. Bjørnar 2 spelte kamp både laurdagen og sundagen. Laurdagen vann laget 13-9 over Askøy 2 etter stor innsats i forsvar, og mange fine kontringsmål. Sundagen vart det uavgjort 7-7 borte mot Nordre Fjell i ein spanande kamp, der Bjørnar lenge var i føringa. Men heimelaget kom sterkt på slutten og utlikna 50 sekund før slutt. |
|
Sist oppdatert søndag 13. november 2005 16:53 |
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 2 |