Tidlegare denne veka var Fyllingen-spelarane Andreas Gjeitrem (biletet) og Andreas Rasmussen på plass i Bjørnarhallen for å trene Bjørnar sine Gutar 12 og 13. Bakgrunnen for deira opptreden var Gutehandballens Dag, eit nytt tiltak frå Region Vest for som skal sette spesielt fokus på gutehandballen. Med 35 Bjørnar-gutar på parketten og to elitespelarar som leia økten på eksemplarisk vis vart dagen ein udiskutabel suksess. Under kan du lese om Gutehandballens Dag slik det var gjengitt i fredagsutgåva av Bygdanytt.
"Handballregionen har vald å sette ekstra fokus på gutehandballen denne våren og oppretta i den samanheng Gutehandballens Dag i midten av januar. I samband med denne dagen var dei to Fyllingen-spelarane Andreas Gjeitrem og Andreas Rasmussen tysdag på plass i Bjørnarhallen for å leie ein times trening med Bjørnar sine lag i Gutar 12 og 13. Oppslutninga var upåklageleg med totalt 35 spelarar på parketten som alle gav alt under elitespelarane si leiing. Det var heller ingen tvil om at trenarane for dagen hadde ei positiv oppleving med dei ivrige handballentusiastane. Andreas Gjeitrem har sjølv tidlegare spelt for Bjørnar og er no landslagsaktuell etter fleire års innsats på strekplass i Eliteserien; han såg no fleire som kunne følgje i hans fotspor: - Dette var veldig spennande. Det er nok fleire kommande elitespelarar her, og kanskje nokre landslagsspelarar, uttala han tostemt med sin namnebror Rasmussen etter treninga. Både spelarar og trenarar var gjensidig i sin entusiasme for opplegget, som var tenkt som eit tilskot i treningskvardagen. - Dette var veldig bra tiltak. Det er flott med litt nye impulsar for gutar som spelar så mykje handball, seier Bjarte Høysæter, som trenar Bjørnar sine Gutar 13. - Fyllingen-spelarane var kjempeflinke, dei hadde eit stort og godt repetoar av øvingar, legg Gutar 12-trenar Magne Juuhl til. Alle Bjørnar-gutane fekk kvar si t-skjorte frå Euro 08 som skal avviklast i Noreg og Bergen om eit år til odel og eie. Men dei må nok enno vente og trene nokre år før dei kan stille på meisterskap som deltakarar" Les meir frå Bygdanytt
|