Sundags morgon var G.94 i aksjon borte mot Fyllingen i Framohallen. Bjørnar kom dårleg i gang, og låg bak med 4 mål før det bedra seg på slutten av 1.omgang slik at pauseresultatet var 9-7 i favør dei gule og blå frå Dalen. Men i 2.omgang var det eit heilt nytt Bjørnarlag på bana, som tok igjen leiinga takka vere eit aggressivt forsvarsspel og til ein viss grad kollektivt angrepsspel. Kampen vippa fram og tilbake, før Bjørnar for første gang gjekk opp i leiinga 18-17 halvtanna minutt før slutt. Men diverre var det til slutt tap 19-18, då Fyllingen laga to raske mål det siste minuttet.
|
|
Sist oppdatert søndag 11. mars 2007 21:38 |
|
|
|
|
|
Side 1 av 2 |