Bjørnar sitt talentfulle G.14-lag har i helga tatt bronse i Postenserien, kor alle regionsvinnarane i landet kjempa om NM-tittelen i kvar årsklasse. I Stavanger vart det mellom anna både tap og siger mot Fyllingen, og eit møte med eit sterkt heimelag med ein gamal handballprofil på benken.
I Stavanger møtte laget i helga regionsvinnarane frå resten av landet for å avgjere kven som kunne kalla seg noregs beste lag i deira årsklasse. I den innleiande pulja slo Bjørnar Vestfossen heile 25-10 og Holmlia 17-12, medan dei tapte 14-15 for Fyllingen. Trass tapet for Fyllingen kom Bjørnar-laget seg vidare til semifinale der dei skulle møte Stavanger som hadde den tidlegare storspelaren Rune Erland som trenar. Arna-gutane byrja bra, og kunne gå til pause med ein solid 12-7-leiing. Men utover i 2.omgang gjekk det ikkje heilt vegen for Bjørnar, og Stavanger vann til slutt 20-17. Dermed rauk finaleplassen, men samstundes gav det laget høve til å ta revansje på Fyllingen som også tapte sin semifinale. Og revansje vart, Bjørnar køyrte over dei gule frå Dalen og vann til slutt heile 23-12! Etter kampen kunne dermed Bjørnar stolte reise heim til handballbygda Arna med NM-medaljar rundt halsen. Trenar Eirik Eliassen kunne melde om god stemning frå minibussen på veg heimover. - Vi er godt nøgd med medalje, og no feirer vi det med Oddvar Torsheim allsong(!). Frå Bjørnar kom Lars Erik Andersson med på talentlaget for turneringa. Vi gratulerer gutane med medaljane!
NB! Nokon vil kanskje undre på kvifor Fyllingen var med, sidan det berre var regionsvinnarane som skulle møtast, og i Region Vest var det Bjørnar som vann. For forklaring, sjå denne linken.
Bronselaget bak frå venstre; Bjarte Høysæter (trenar), Magnus Killi, Andreas Eliassen, Håkon Arthur Pedersen,Lars Erik Andersson, Jayson Børhag, Håvard Steffense, Pål Kalvenes, Eirik Eliassen (trenar) Framme frå venstre Lasse N. Mjelde, Daniel V. Osberg, David Høysæter, Markus R. Storegjerde, Sindre Brekke
|