Sjølv om spelet ikkje var heilt på topp, med mykje rot i forsvar, kunne Bjørnar til slutt gå av banen som sigerherre laurdag etter å ha slått Askøy 20-19. G.15 gjekk dagen etter på sesongens første tap borte mot Osterøy. Laget tapte 19-11 etter å ha levert ein pinleg første omgang, stillinga til pause var 12-2 til Osterøy. Dermed vart det "berre" to poeng i ei hendingsrik helg for Bjørnar sine representantar i Gutar 15-årsserien.
Gutane frå Arna fekk ein bra start på kampen mot Askøy og leia 8-0. Men utover i kampen kom Askøy stadig nærmare, og var like ved å knipe sigeren frå Bjørnar. Men G.15 har ein matchvinnar mellom stengene, Espen Rygg hadde nokre avgjerande redningar og tacklingar(!) på slutten som sikra sigeren.
Mot Osterøy vart det verre og det meste var avgjort etter ein svært dårleg første omgang. Etter pause skjerpa gutane seg og vann andre omgang med 2 mål, slik at resultatet til slutt ikkje vart så stygt som frykta. Sjølv om eit par nøkkelspelarar mangla, hadde det vore mogleg å spele jamnt med dei gule og grønne frå noregs største innlandsøy. Men vi får satse på at G.15 tar revansje i neste kamp mot "øyningane".