G.15 spelte i helga to kampar. Laurdag mot Askøy, ein kamp gutane vann 18-16 etter å ha lagt under 7-2 i byrjinga av kampen. Men etterkvart som Bjørnar satte fart på spelet vippa kampen i Arnalagets favør. Søndagen var det Osterøy som stod for tur, eit lag Bjørnar tapte for tidlegare i sesongen. Men i denne kampen var det ingen tvil, Bjørnar førte heile kampen og tok til slutt ein velfortent 21-14 siger. Det var fleire spelarar som gjorde det bra, spesielt hyggeleg var det at Tor Anthun Thunes utover i 2.omgang verkeleg fekk det til å stemme og laga mange flotte mål frå venstresida.
|
|
Sist oppdatert tirsdag 10. januar 2006 00:07 |
|
Etter ein dramatisk kamp som inneheldt utvisningar, raude kort, harde taklingar og merkelege dommaravgjersler vann til slutt Bjørnar 11-10 over BHK. Kampen var ikkje prega av godt spel, men gutane skal ha ros for innsatsen dei la ned. På slutten viste Magnus Pedersen seg fram, og avgjorde kampen med 2 lure avslutningar frå kanten. |
|
Sist oppdatert søndag 11. desember 2005 20:10 |
|
|
Siger og tap for G.15 på øyene |
|
|
|
|
Sjølv om spelet ikkje var heilt på topp, med mykje rot i forsvar, kunne Bjørnar til slutt gå av banen som sigerherre laurdag etter å ha slått Askøy 20-19. G.15 gjekk dagen etter på sesongens første tap borte mot Osterøy. Laget tapte 19-11 etter å ha levert ein pinleg første omgang, stillinga til pause var 12-2 til Osterøy. Dermed vart det "berre" to poeng i ei hendingsrik helg for Bjørnar sine representantar i Gutar 15-årsserien. |
|
Sist oppdatert tirsdag 22. november 2005 12:29 |
|
Les mer …
|
|
|
|
Skuffande innsats frå G.15 |
|
|
|
|
| G.15 gjekk på sesongens første tap borte mot Osterøy. Laget tapte 19-11 etter å ha levert ein pinleg første omgang, stillinga til pause var 12-2 til Osterøy. Etter pause skjerpa gutane seg og vann andre omgang med 2 mål, slik at resultatet til slutt ikkje vart så stygt som frykta. Sjølv om eit par nøkkelspelarar mangla, hadde det vore mogleg å spele jamnt med dei gule og grønne frå noregs største innlandsøy. Men vi får satse på at G.15 tar revansje i neste kamp mot "øyningane". |
|
|
Siger for G.15 over eit redusert Gneistlag |
|
|
|
|
G.90 vann heile 36-10 over motstandarane frå Sandsli, og varta opp med fleire fine angrep og avslutningar. Resultatet og kampen vart prega av at Gneist diverre berre var 5 spelarar, slik at jobben for Bjørnargutane vart enklare enn laget på førehand hadde trudd. Det kanskje mest positive ved kampen var to vellukka comeback, Espen Rygg gjorde ein bra kamp mellom stengene, medan Espen Bjørndal hadde eit par fine avslutningar frå høgrekant. I tillegg gjorde Martin Brekke ein flott jobb i forsvar, trass i at han hadde lagt seg kvart på halvfem dagen før..
|
|
Sist oppdatert søndag 16. oktober 2005 15:42 |
|
|
|
|
Side 1 av 2 |