Bjørnar sine Gutar 13 har sett stort fokus på Fair Play og haldningar, og då dei reiste på Handballfestival på Stord i vår, måtte alle spelarar, føresette og foreldre forplikte seg til eit sett retningslinjer: Haldningskontrakt, Foreldrevett, samt ein del praktiske reglar for turen sørover. No sørgjer dei for å halde fokus på Fair Play-arbeidet på laget også framover.
- Vi innførte desse retningslinjene av to årsaker. For det første opplevde vi ein del utbrudd frå tribuna mot dommarane i ein av seriekampane våre, for det andre skulle vi reise nedover med ei stor gruppe ungdomar – då er det viktig å vere tydeleg på kva vi står for og at alle sørgjer for å ta godt vare på kvarandre, seier Geir-Asle Hennes, trenar for Gutar 13.
I kampsituasjon kan det vere fort gjort å henge seg opp i motstandarlaget eller dommarane framfor å fokusere på å støtte kvarandre og å gjere lagkameratane betre. Denne utfordringa har trenarlaget rundt gutane tatt på alvor, og dei valte å vere i forkant med å skape nokre tankevekkarar for både spelarane og foreldra rundt deira felles ansvar for å skape gode opplevingar.
- Det var ingen problem å få spelarane og foreldra med på dette, og tilbakemeldingane var veldig positive på at vi ved hjelp av denne kontrakten hadde ein felles plattform for korleis vi skal respektere både kvarandre og motstandarane, seier den engasjerte trenaren.
Gutane har ein veldig fin gjeng og eit godt samhald på laget, men det skal også for framtida vere kjekt for alle å komme på trening i hallen. Det å heile tida vere medviten på at dei ein spelar på lag er eins kameratar, har laget brukt ein god del tid på. Og trenaren håper dette også påverker korleis spelarane er utanfor hallen.
- Eg har både vore på føredrag og prata med fleire topptrenarar, og dei framhever kor viktig det er å passe på kvarandre i miljøet og å støtte kvarandre opp. Dette er viktigare enn å bli nummer ein på kort sikt – vi kan gjerne tape nokre kampar, men dersom vi arbeider saman vil vi også bli gode sportsleg på lang sikt, seier Hennes.
På spørsmål rundt kva som er viktig for å skape eit godt miljø på laget, er svaret tredelt:
- For det første må vi ha ein open dialog med spelarane på at vi skal gjere kvarandre gode; For det andre må vi ha tett dialog med foreldra; For det tredje har vi nulltoleranse for mobbing og utestenging. Det skal vere opent for alle på laget, alle er like velkomne, og det skal alle vite.
|