Bjørnar Handball og Arna-Bjørnar Fotball samarbeider tett om å gje alle barn eit mangfaldig aktivitetstilbod gjennom Ballsidighet. For at barna skal trivst, og oppleve idrettsglede og meistring er kvart lag avhengig av at foreldre stiller opp som trenarar, lagleiarar og miljøkontaktar. Informasjonshandboka til dei som fyller desse rollene er no oppdatert og ute her på bjornar.no.
Handboka gir ei innføring i dei overordna prinsippa som Ballsidighet vert drive etter, korleis organisasjonen fungerer, og kva som er oppgåvene og pliktene til leiarane rundt dei yngste laga. Denne handboka er heile tida og finne under "Barn og ungdom" i venstremargen. Versjon 1.4 av "Håndbok for Lagleder, Trener og Miljøkontakter" er no oppdatert også på nett, og kan lastast direkte ned her.